Viser 1 til 3 av 3 omtaler

"Personar du kanskje kjennar", Synnøve Macody Lund.
Ja, ho ja. Ho som var med i Hodejegerne. Ho høge flotte. Ho som ville bli Bonddame og greier. Ho.
Synnøve skriv altså denne boka til og om far sin. Jadda; relasjonsromanar finnes det massevis av. Tilbakeblikk til oppvekst og eigen navle, både på godt og vondt; jadda, det har me lese om før. Men måten; måten ho skriv på er kjempebra.
Ho vekslar i hovedsak mellom to verdner, men i fleire tidsbilder. Tilbakeblikk til eigen oppvekst med far, og nåtid i samvær med den sterke faren som no er svak, er den eine verda.
Så følger ho nokre unge folk, og eg røper ikkje for mykje når eg fortel at nokre av disse krysser livslinjene til kvarandre. Hetrofile og homofile. Ho skriv altså svært sjølvbiografisk i romanform, og det som er så tøft, er at ho går ut av historia og kommenterar hendingar rett til lesaren som ei forteljarstemme i boka. Flott virkemiddel. Overgangen mellom disse verdnene var også elegante. Noko anna som eg likte. Eller likte å likte. Asså når folk gikk på do; då både tissa dei, dreit og tørka seg bak. Ikkje det at det er så mykje å like, eller at det er ein sensasjon; men det er svært sjeldan det blir skrive ned i bøkene. Ikkje bli skremd at eg skriv akkurat det, det var ei setning eller to, så det var ikkje påtrengande. Det er berre det at eg synes ho har ei ny stemme ho Synnøve. Tenk ei Bonddame som skriv om å tørke seg bak.
I boka drøfter ho det maskuline og feminine. Styrkeforhold i nære relasjonar. Er dei konstante? Ho refererer mykje til Virginia Woolfs Orlando og Dantes Beatrice. Synnøve er skulert innen film og skodespel, og ho legg inn fleire kjente scener fra den verdnen som hjelp til lesaren som skal lage sine eigne bilde når han les.
Denne boka vil eg absolutt anbefale. Fikk lyst å lese både Dante, Tolstoj og Virginia Woolf også etter dette, og noko anna som var artig, er at ho faktisk nemner den neste boka eg hadde på leselista mi: Svar på brev fra Helga.
Synes boka var imponerande - rett og slett heilt super.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Interessant og meget velskrevet debutroman om Synnøve som besøker sin far som er redusert pga hjerneblødning. Hun holder på å skrive en bok om ham, men det låser seg. Det løsner når hun starter å fortelle tre historier om andre kvinner og deres relasjoner istedet. Mer i min bloggomtale her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PirelliLise MuntheMarenLeseaaseTheaRavnTove Obrestad Wøieningar hG LMarit HåverstadKjell F TislevollIngeborgMorten BolstadChristinaBokToreKirsten LundGrete AastorpThomas KihlmanJørgen NAliceInsaneVibekemgeBerit RTom-Erik FallaHilde VrangsagenTine SundalBritt ElinVidar RingstrømAlice NordliElisabeth SveeMads Leonard HolvikGro Anita MyrvangSynnøve H HoelMarteAud- HelenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMorten MüllerGodeminePiippokattaFredrik