Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Nybyggarkona Kristina får spesielt mykje merksemd i denne boka. Dagleg blodslit med hus- og gardsstell samt ein haug med barnefødslar på toppen er ikkje akkurat nokon ungdomseleksir, og det røyner på. Helsa er ikkje lenger som den var, og ho grip seg sjølv i å ynskje at det ikkje må kome fleire ungar. Dette utløyser ei lita religiøs krise hjå henne, for er det ikkje Gud som skal bestemme korvidt det skal kome fleire eller ikkje? Ho finn til slutt ut av det med Gud, men det er ikkje lett for ein ureligiøs lesar av i dag å setje seg inn i Kristina sitt tankesett.

Det skjer andre ting også. Minnesota blir innlemma i sambandsstatane, og nybyggarane får høve til å stemme på kven dei vil ha til president. Dette tykkjer Karl Oskar er gjevt. Noko seinare brygger det opp til borgarkrig, presidenten ber om at friviljuge melder seg til krigsteneste. Karl Oskar vil gjerne yte noko attende til det nye heimlandet sitt, medan Kristina meiner han helst bør halde seg heime. Så får vi sjå kven som får viljen sin.

Dette er nest siste bindet i serien om utvandrarane frå Sverige. Ei levande og engasjerende forteljing, ein må berre rose arbeidet Moberg har gjort ved å formidle livshistoria til desse menneska.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

rubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone Sundland