Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Ljuder-gjengen på 15 har kome fram til Taylor Falls, der det frå før berre er 30 personar, og av ulik nasjonalitet, som har slått seg ned. No gjeld det berre å ta seg land og setje seg opp ein bolig slik at ein kan berge seg gjennom vinteren. Det er ikkje småtterier som skal ordnast på nokre få månadar, i eit framandt land der ein ikkje forstår språket, og praktisk talt er pengelens. Og midt oppi dette skal Kristina føde.

Ein kan ikkje unngå å tenkje på starten av Markens Grøde når ein les starten denne boka. Det er noko kraftfullt over det å setje bu og rydde seg eit jordstykke langt utanfor folkeskikken, og det krevast kløkt å disponere arbeidsinnsatsen slik at ein sikrar seg at husstanden overlever. Begge desse bøkene gav gode leseopplevingar i så måte.

Indianarar er eit anna tema som kjem opp i denne boka. Dei er ikkje så framtredande i handlinga, sjølv om eit par av dei dukkar opp og skræmer Kristina ein dag, men det ligg heile tida i bakgrunnen at nybyggarane har trengt seg inn på indianarane sitt land. Som eit symbol for dette har Moberg skrive inn ein fjellformasjon som liknar på eit indianarhovud, og som liksom overvåker alt nybyggarane tek seg til med. Eg veit ikkje kor stor sympatien for urinnvånarane sin sak var i Sverige på 1950-talet, men Moberg er i allefall atterhalden med å diskutere det moralske i det med å ta seg land. Målet hans er uansett å skildre korleis innvandrane såg på indianarane, og det har han gjort på ein tilforlateleg måte.

Med denne er halvparten av bokserien unnagjort. Det har vært ei underhaldande og lærerik reise så langt, ein får vone at framhaldet er av same kaliber.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

GodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaLinda NyrudKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaAvaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.Ingrid HilmerIngvild STonesen81Hilde Merete GjessingBjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundRune U. FurbergLilleviIngunn SCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOle