Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Sjette boka av Seljestad. No går han etter mi meining på tomgang. Han har skrive om alt dette før. Om oppveksten og foreldra, broren, fabrikken, Bremen og alt det andre han brukar 500 sider på i Eitranes. Fyrste 30 sidene handlar om at han, kona og dei to borna tek båt og køyrer inn til Bremen, så 10 sider om at dei tok feil av etasjane der dei skulle bu, så avsnitt om universitetet i Bremen, avbrote av tilbakeblikk til oppveksten i Eitranes (Odda), og slik held det fram. Dei to beste bøkene av Seljestad er Isberg og Snøen stryk ut alle spor, der han ikkje grev seg ned og forvillar seg inn i eige liv og endringar. Både i Fjorden og Kjære, bror får vi vite om Seljestad sin oppvekst, om familien, fabrikken og generelt korleis det var å vekse opp i Odda, og desse to bøkene likte eg, og dei er begge to svært personlege. Men nok er nok. Det slår meg at Eitranes er meir ei øving for forfattaren sjølv enn det er ei bok å lese for den som alt har vore gjennom 5 av dei føregåande bøkene til Seljestad.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikAlice NordliVigdis VoldTralteVannflaskeToveThomas KihlmanDolly DuckKirsten LundWencheRune U. FurbergTonesiljehusmorIreneleserEster STove Obrestad WøienLeseberta_23Heidi BBLabbelineNorahTerje MathisenSynnøve H HoelPirelliTone SundlandTore OlsenLailaBente NogvaJarmo LarsenEmil ChristiansenHilde Merete GjessingEgil KristiansenmarithcPerSpelemannOdd HebækMarianne  SkageKarina HillestadKristine LouiseLars MæhlumSverre HoemAnne-Stine Ruud Husevåg