Boka handlar om Emma, ei 17 år gamal norsk jente som bur i USA fordi faren jobbar ved eit topphemmelig forskningslaboratorium der. Heile familien kjem ut for ei bilulukke, foreldra døyr medan Emma overlever. Onkelen hennar som er hemmelig agent tek seg av ho etter ulukka, men det er fleire som vil ha tak i jenta i ei etter kvart spennende menneskejakt. Midt oppe i dette plagast Emma av at noko ikkje stemmer, onkelen hennar lest ikkje kjenne henne, ingen legg merke til veslebroren hennar lenger, og det er alt for mange ting som ikkje er slik som ho hugsar det.
Det viser seg etter kvart at Emma har hamna i eit parallelt univers, og at ho har blitt utstyrt med ein metode for å kunne flytte seg mellom parallellane.
Boka er stort sett spanande og grei lesing, men eg greidde ikkje å bli meir enn moderat begeistra for den. Det skein litt for fort igjennom at dette handla om parallelle univers, og forsøka på å tilpasse ein kvantefysisk forklaring på fenomenet blei alt for lettbeint og overfladisk. Og det at sjølve metoden for å flytte seg mellom parallellane inneber å seie fram ei regle blir rett og slett berre merkelig. Men i eit parallelt univers der eg framleis var 17 år ville eg nok likt boka mykje betre.