Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Eg gav førre boka til Hans Olav Lahlum (Svanemordet, 2020) ei litt lunken melding. Difor er eg glad for at denne boka er mykje betre. Hovudpersonen Engly Martinsen vart introdusert i Svanemordet, rett før han døydde i høg alder, og det var openbert eit forvarsel om denne boka, eller serien (som etterordet fortel vil koma). Eg ønskjer Lahlum lukke til: Det verkar som han gler seg meir over både persongalleriet og tidsepoken enn han gjer i K2-bøkene. Tidskoloritten er sterkare, og karakterane framstår (kanskje) som meir tredimensjonale.

Det hjelper også at han har plassert ein apolitisk, ikkje-nazistisk etterforskar midt i det NS-ifiserte norske politiet, med godt utsyn til spenningar både i NS og mellom NS og den tyske okkupasjonsmakta.

Elles er boka absolutt å tilrå om du likte K2-bøkene. Her er det eit lukka rom-mysterium (eller snarare ei hytte med plettfri snø utanfor), der drapsmåten eigentleg er nøkkelen som avslørar drapsmannen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Grete AastorpJulie StensethLene AndresenNinaEllen E. MartolElin SkjerengTatiana WesserlingKarin BergKari FredriksensiljehusmorMorten MüllerMartinmarithcGeir SundetAud Merete RambølEvaNorahFindusTone SundlandmarvikkisKristine LouiseAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandEmil ChristiansenHilde H HelsethPia Lise SelnesHarald KLinda NyrudKirsten LundToneMads Leonard HolvikPiippokattaSol SkipnesAQuariusInger-LiseTove Obrestad WøienlittymseRonnyEivind  Vaksvik