Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Krigsredde born

Vesle Adam, 9år, bur saman med foreldre, ei babysøster og veslebror Florian, 5år på ein skule i Austerrike. Dei bur ikkje langt frå grensa til Jugoslavia der opprøret rår i året 1991.

Adam viser stor omsorg for veslebror, ein redd liten gut som tissar i senga om natta. Adam er redd sjølv han, men hans strenge, nesten nazistiske far, prøver å lære han at han må vere sterk og uredd. Samfunnet omkring dei er prega av nasjonalistisk tankegang - den sterkaste vinn.

Det som gjorde aller mest inntrykk på meg er den valdelege faren som brukar straffemetoder som burde vere forbodne! Det gjer også inntrykk å lese om dei to små gutane som prøvde å finne trøyst og som viste så stor omsorg for kvarandre. Sterk kjærleik gjer godt!

Det er Adam som fortel, noko språket ber preg av. Og sidan han er ein liten gut skjønar han ikkje alt som skjer rundt dei.

Eg kjøpte boka i ei kasse som var lagt ut for sal, og hadde ikkje aning om kva dette var, visste heller ikkje noko om forfattaren - ein austerrikar som bur i Norge.
Men, boka gjorde inntrykk - ein tankevekkande roman!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Karina HillestadLilleviMari ArnIngeborg GBeathe SolbergOdd HebækAlice NordliMorten JensenAnne Berit GrønbechTor-Arne JensenAud Merete RambølMonaBLRuneKirsten LundHeidimgeKjerstiDagfinn JakobsenInger BjørndalJulie StensethIna Elisabeth Bøgh VigresomniferumCamillaBerit RPiippokattaFride LindsethTurid KjendlieAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenHarald KVibekeEster STore HalsaBjørn SturødCecilie69Per LundSverreTine SundalJane Foss Haugen