Viser 1 til 5 av 5 omtaler

Bind 2 i denne serien er framleis ei svært spesiell leseoppleving, men framdrifta i forteljinga har betra seg betrakteleg i forhold til del I der gjentakingar og stillstand gjorde at eg nesten lurte på om forfattaren dreiv gjøn med meg.
Det er underleg lesnad, handlinga er yttarst enkel, men noko i måten den er skrive på drar meg likevel gjennom sidene sjølv om det er svært omstendeleg. Alt stemmer på ein måte, detaljer, rekkefølge i det omstendelege. Det er kanskje denne totalen som er det meisterlege med Fosse?
For meg, sjølv oppvaksen i ei vestlandsbygd, vekkjer forteljinga mange gråmaskerte minne til live igjen. Likar det. Om hårlengder/frisyrar, prøve tobakk og alkohol, flytte på hybel osv. Han rører ved ein del djupe og tankevekkjande tema.

I starten av å lese del I tenkte eg at det blir ikkje meir Fosse, dette gidd eg ikkje. Eg har ikkje sans for desse dobbelpersonane, det måtte da finnast ein enklare måte å beskrive ulike livsløp på? Men det endra seg gjennom boka, no skal eg også heilt klart også lese bind 3 av denne 7 delte serien, Septologien.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ok, begynner å venne meg til skrivemåten, men synes fortsatt det går for tregt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hypnotiserande suggererande språk som driv meg som lesar frå side til side. Det er meir handling i dette andre bandet enn i det første gjennom tilbakeblikka mot Asle si barne- og ungdomstid. Tilbakeblikka gjev òg meir meining til noko av det som hender i notid og i band 1. Så kan ein framleis lure på kvifor ulike personar skal ha same namn, likne så mykje på kvarandre av utsjånad og ha like eigenskapar og bakgrunn, slik som dei to som heiter Asle og dei to som heiter Guro. Ligg det noko i tittelen på dette bandet: Eg er ein annan?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Som i den første boken er det den indre dialogen som driver boken fremover. Det er beroligende og vakkert.

Godt sagt! (3) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

LilleviTove Obrestad WøienmarvikkisEgil StangelandHenrik  Holtvedt AndersenAlexandraIngunn SAvaKirsten LundWencheHarald KCathrine PedersenJanne Kristin HøylandTralteAnniken BjørnesTanteMamieAnette Christin MjøsJulie StensethVannflaskeEivind  VaksvikKarin BergEli HagelundReadninggirl30lillianerBjørg L.VariosaBeathe SolbergLene AndresenTor Arne DahlBente NogvaHanneAkima MontgomeryChristofferSverreElisabeth SoleimTatiana WesserlingAnn-ElinSynnøve H HoelHilde VrangsagenJarmo Larsen