Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Denne boka er vel å reikne for ein klassikar innanfor spionroman-sjangeren, og le Carré er vel også å reikne for ein meister innanfor sjangeren. Dermed har eg kome til konklusjonen at eg slett ikkje er nokon meister i å lese spionromanar, for denne fenga meg ikkje i særleg grad.

Hovudpersonen er George Smiley, agent for dei britiske løynlege tenestene. Det kjem fram informasjon om at organsisasjonen er infiltrert av ein russisk agent, ein «moldvarp», og George får ansvar for å avdekke korleis ting heng saman. Men det blir for subtilt, for intrikat, eg greier ikkje å sortere informasjonen som kjem fram undervegs i forteljinga. Når språket i tillegg er noko stivbeint (overserjaren sin feil, eller skriv le Carré slik?), så er utbyttet av lesinga ikkje meir enn middels.

Eg har ei bok til av le Carré til ståande ulest i bokhylla, Piken med trommetikkene. Eg skal lese den også, men med mindre eg heng vesentleg betre med på den så må eg nok setje le Carré på vent i nokre år, til eg muligens ein gang i tida blir vaksen nok til å lese ordentlege spionromanar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaTor-Arne JensenJarmo LarsenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe Solberg