Viser 1 til 2 av 2 omtaler

For tida les eg profeten Jesaja, som eit ledd i mitt prosjekt å lesa heile Bibelen frå ende til annan, i kronologisk orden. Storverket Bibelen held stand, også i ein digital tidsalder, med ei rekkje (særs gode) nettstader, digitale utgåver (m.a. den norske 2011-utgåva, som eg les no) og eigne databaseprogram til grundigare studiar m.m. Kort sagt, Bibelen er framleis høgst oppegåande, og det er vel ikkje noko anna bokverk som kan måla seg med desse bøkene når det gjeld verknadshistorie - det aller meste av vår vestlege kultur er basert på desse samlingane, eit mylder av historiske skrifter, forteljingar, visdomsbøker og religiøse funderingar skrive over eit langt tidsrom.

2011-utgåva finst både som vanleg Bibel og i ei litterær utgåve, dvs. utan inndeling i vers. Språket er godt ivareteke av litterære hjelpemenn som Jon Fosse og Karl Ove Knausgård (sistnemnde har med eit essay om nett dette i si siste bok, "Sjelens Amerika" - "Hjelpemann på Bibelen").

Men alså Jesaja, skrive i tre omganger av minst tre eller fleire forfattarar for to og eit halvt tusen år sidan. Kva har noko slikt å seia oss i dag? Profetane kritiserte si samtid, dei låg på tvers av det etablerte og la ikkje fingrane mellom når dei gjekk laus på makteliten i samfunnet - dei må ha blitt oppfatta som ganske ville. Og forbausande mykje av kritikken deira ville vore aktuell også i dag, anten det gjeld økonomisk utbytting, miljø eller utanrikspolitikk. Det krevjer ein viss innsats å lesa og setja seg inn i desse eldgamle skriftene, og ein må også forstå å lesa dei i ein viss kronologisk samanheng, men det er definitivt verdt det. Etter ei tid med Bibelen vert det meste anna triviell "tidtrøyte" i samanlikning.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nydelig med nynorsk i Bibelen!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Harald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita Ness