Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Stig Homås har gjeve oss ei overraskande fin diktsamling. Overraskande skriv eg, fordi eg ikkje eigentleg kjenner forfattarskapen hans. Det første møtet mitt med eit av dikta hans fann nok stad i norskboka på ungdomsskulen. I alle fall har eg skrive ned diktet "Kjøssing i biblioteket" 16.12.1990 i boka eg samla dikt eg likte i. Etter den tid har eg knappast lese noko av han. For ei tid tilbake rydda eg i lyrikkhylla i eige bibliotek, og då denne samlinga dukka opp, tenkte eg at eg ville gje henne ein sjanse. Frå titteldiktet Innom kjem dette vakre sitatet: "[...] søker han etter en mening / og finner den i det at han fikk være innom i verden / og se og oppleve / byen / og fjellene / og havet / sammen med dem han var glad i". I heile diktsamlinga finn vi dikt som skildrar opplevingar eller tankar dikt-eget har hatt medan han har vore innom i denne verda, og som han no, når han er eldre og "vet at livet hans / er en lighter-gnist i evighetens mørke" kan dvele ved, tenkje over og vere takknemleg for.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikteSynnøve H HoelDemeterTor Arne DahlJulie StensethÅsmund ÅdnøyLinda NyrudHeidi HoltanTrude JensenTanteMamieDaffy EnglundLailaEllen E. MartolRoger MartinsenTine SundalToveInger-LisePerSpelemannTorill RevheimReadninggirl30Fride LindsethTor-Arne JensenTorJBBjørg RistvedtHarald KChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneHanne Kvernmo RyeBjørn SturødPiippokattaElla_BCarine OlsrødVibeke