Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Krabben Klara og konkylien er ei bok for born i alderen seks til ti år, med fokus på plastforureining i havet. Seien er bestevenen til Klara og dei har ein fast plass dei plar møtast for å leike i lag, men ein dag er ikkje Seien der. Klara blir redd og går ut for å leite etter han. Til slutt finn ho han, men han er blitt sjuk. Han har så fryktelig vondt i magen sin utan at nokon av dei kan skjøna kvifor. I tillegg er havet i endring og mystiske ting skjer. Gjennom ei spanande reise føl me den snille krabben Klara ut på ei reise i ukjent terreng. Ho er redd for det ukjente og nye, men ho vil så gjerne at venen hennar skal bli frisk att, og ho vil gjere alt ho kan for å bevare havet slik ho kjenner det.
Temaet i Krabben Klara og konkylien er veldig aktuelt og gjennom augo til Klara er det tilpassa dei unge på ein flott måte. Eg vil gratulere Hildegunn Bjelland med ein flott debut som barnebokforfattar og eg gler meg til det kjem meir frå denne kanten.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tine VictoriaLailaAnniken RøilIvar SandKirsten LundMonoiskTove Obrestad WøienAneLisbeth Marie UvaagTatiana WesserlingJBRandiAnne-Stine Ruud HusevågNina SolåsRufsetufsaPer Åge SerigstadMarit AamdalNtotheaLilith NagelMorten JensenMargrethe  HaugenEivind  VaksvikTheaAnn ChristinJulie StensethGretheFVibekeMarit HåverstadRandiAStig TTine SundalNorahAndreas HesselbergAvaWencheHarald KG LsvarteperINA TORNESEva