Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Eurydike var i følgje ei gammalgresk segn gift med Orfevs, og døydde svært ung. Orfevs rørte underverdas gudar med musikken sin, og fekk dermed gjort ei avtale med dei om at han kunne ta Eurydike tilbake til livet. Kriteriet gudane hadde, var at han måtte gå framfor henne ut av dødsriket, og ikkje snu seg før dei var ute derfrå. Dette klarte ikkje Orfevs; han snudde seg, og Eurydike, som gjekk like bak han, måtte vende tilbake til skyggeriket. (Kjelde: snl.no) Denne segna er bakgrunnen for tittelen på diktsamlinga Eurydike snur, men Orfevs og Eurydike vert ikkje nemnt i teksten.

I første delen av diktsamlinga beskriv ein mann som nyleg har blitt enkjemann tida etter at kona er død. Han skriv til eit 'du', til henne. Det kan verke som om samlivet dei imellom ikkje gjekk heilt knirkefritt, men saknet no når ho er død er likevel stort. Denne delen er sterkast og best skriven, tykkjer eg, og kan, vil eg tru, vere til hjelp for andre i same situasjon til å setje ord på korleis sorga og saknet kjennest.

Den andre delen er, slik eg tolkar det, sett frå perspektivet til ho som er død. Ho fortel korleis ho oppfattar ektemannen sin etter hennar eige dødsfall, og minnest situasjonar frå samlivet deira. Også her finst det eit 'du', men denne gongen er dette duet han som er igjen i livet. Denne delen er litt vanskelegare tilgjengeleg enn den første delen, tykkjer eg, sjølv om det finst fleire fine og nokre veldig sterke dikt også her.

Om du skulle vere i tvil: Dette er ei veldig fin diktsamling som eg vil anbefale deg å ta deg tid til.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Linda NyrudHeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTone HTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenKirsten LundBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.Ingrid Hilmer