Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Vi følger dei to kvinnene Meghan og Agatha, som begge to går gravide i si siste månad. Anna kvart kapittel er skriven i synspunktet til henholdsvis Meghan og Agatha.

Meghan - gift med TV-kommentator, TV-fjes, kjendis-mannen. Sjølv er ho bloggar og har ein god fan-base. Ho har venninner, ho har foreldregrupper, ho har nettverk, ho har alt - tilsynelatande, sett utan frå - særleg sett med Agatha sine augo.
Agatha - skilt, einslig, ein trøblete oppvekst, ei litt ustabil sjel. Men samstundes svært god, kjærlig. Søkande. Leitande etter noko og nokon og høyre til. Ho lyger ein del. Men ho seier også mykje som er sant...

Vanskeleg å skrive noko om denne boka uten å røpe vesentlige ting... så eg skal bare seie veldig kort at: av alle bøker innen sjangaren "psykologisk thriller" er dette den beste eg har lese! Eg klarte verkeleg ikkje legge boka ned, eg slukte dei 500 sidene på to dagar.. eg blei oppslukt!
Språket er kort, presist, enkelt å lese. Samstundes inneheld det vittige formuleringar og ein småironisk tone. Karakterane er ekte og velutvikla. Plottet er gjennomført, truverdig og overhodet ikkje forutseigbart. Skal du lese ein thriller....LES DENNE! Må også nevne at det er gøy å lese ein thriller som ikkje er skriven frå politiets sitt perspektiv (eller en journalist eller ein psykolog ...) LES LES LES!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelEllen E. MartolAnne-Stine Ruud HusevågtuhamreMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingKirsten LundHarald KLailaReadninggirl30TanteMamieReidun Anette AugustinChristoffer SmedaasBirkaTor-Arne JensenLeseberta_23Aud- HelenTorill RevheimBenedikteHanne Kvernmo RyeChristin SillibakkenTrude JensenLars Johann MiljePiippokattaFride LindsethLisbeth Marie UvaagStig TFindusIngeborg GAkima MontgomeryRoger MartinsenMarteAmanda ABerit B LieKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_Meson