Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Ollis har vekse opp med berre mamma, men det siste året har ho både fått ein veslebror og ein irriterande stefar. Heldigvis har ho bestevenen Gro, og saman er dei stadig ute på nye eventyr. Dei oppdagar ei mystisk postkasse i skogen, og i den er det eit postkort til Ollis! Ikkje nok med det- det bur ei mystisk dame i skogen som mottek og katalogiserer alle feiladresserte brev.

Denne boka har både originale, morosame og overraskande momenter, samt gjenkjennelige tema. Det er godt skildra korleis Ollis opplever det når mora har fått ein ny kjærast og eit nytt barn som ho elskar. Ollis som tidlegare har fått all merksemd kjenner seg brått gløymd.

Boka har masse humor og varme, fart og driv. Ei god lesaroppleving med eit fint bodskap om familie, venskap og mot.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyesomniferumSt. YngheadHarald KBente L.Egil StangelandKristine LouisesiljehusmorStig TTerje MathisenmgeRandiSraDevoralibrosTove Obrestad WøienDinaTine SundalKirsten LundCarine OlsrødReadninggirl30TanteMamieLilleviIvar SandGrete AastorpgretemorAlex NietoIngunn SBård StøreTonesen81PiippokattaDemeterVannflaskeBjørg RistvedtVanja SolemdalPirelliNikkaBjørg Marit TinholtEmil ChristiansenKjersti SAvaVibeke