Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Eg veit at eg kanskje er akkurat litt for "gamal" til å vere i målgruppa for denne boka, og det kan kanskje ha farga mi oppfatning av boka. Men når eg først har lese ho, kan eg vel likegodt skrive litt om kva eg tykte. Ver også merksam på at dette er første bok i ein trilogi.

Litt om handlinga: Mira har levd ei privilegert liv som ein slags talsperson for regjeringa i heimlandet. Dette endrar seg brått når ho finn informasjon ho ikkje skulle ha og konfronterer regjeringa med den. Som straff blir ho sendt til fengselet "the Pit". Skal ho røpe løyndommen ho skjuler eller skal ho kjempe imot fiendane ho plutseleg har fått?

Kva eg tykte: Eg vart diverre veldig skuffa over denne boka. Eg las heile, men eg vurderte fleire gonger om eg skulle gi meg. Eit av problema mine var at eg tykte at handlinga bevega seg for sakte. Mange gonger følte eg at handlinga blei repetert, og av denne grunnen følte eg at boka med fordel kunne vore ca. 100 sider kortare utan at det ville gått nok særlig på bekostning av historia. I tillegg var bruken av tilbakeblikk noko forvirrande, og eg følte ikkje dette gav noko til handlinga.

Ganske tidleg i boka fekk eg inntrykk av at dette skulle vere ei fantasybok der drager var ein viktig del av historia, men dragene får ein skuffande liten plass i handlinga. Dei blir nemnt i fleire
tilbakeblikk, men eg syns ikkje dei får kome til sin rett. I tillegg tykker eg at den verda og historia som forfattaren har utvikla til tider verkar litt "tynn".

Persongalleriet skuffa meg også. Heltinna irriterer meg, og framstår som veldig overfladisk. Eg føler også at vi ikkje får bli riktig kjent med verken Mira eller dei andre, då vi får vite så lite om dei.
Med det fokuset som er på mental helse blant ungdommen er det eit lite pluss at forfattaren tek opp temaet og beskriv at hovudpersonen får fleire angstanfall, men det slår meg likevel som eit forsøk på å gi ein relativt grunn karakter litt djubde.

Det dumme med alt dette er likevel at eg verkeleg hadde lyst til å like boka, men eg fekk det berre ikkje til. Den hadde mykje potensiale, men eg trur den ville hatt godt av at forfattaren brukte litt meir tid på å utvikle historia og handlinga for det var ikkje før på slutten av boka at ting byrja skje. Med tanke på dette er eg tilbøyeleg til å spekulere i om neste bok i trilogien kanskje vil vere betre, sidan forfattaren har hatt meir tid på seg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

LailaRonnyHarald KAnniken RøilEster SPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundKirsten LundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemetergretemorGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenReidun SvensliPirelliSynnøve H HoelKorianderNinaChristofer GabrielsenNorahCarine OlsrødNtotheaHeidiEirin EftevandReadninggirl30Bjørg RistvedtAnne-Stine Ruud HusevågMaren