Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Eva har vokst opp med å høyre på bestefaren fortelle om sitt liv i Burma (dagens Myanmar). Bestefaren hadde jobb i Burma og deltok i krigen der. Då han kom tilbake til England hadde han med seg ein gamal chinte-figur som viser seg å bety meir enn nokon kunne ane. Når Eva får tilbud om å reise til Myanmar i jobbsamanheng kan ho ikkje anna enn å gripe sjansen med begge hender. På reisa oppdagar ho ei dramatisk kjærleikshistorie og opplever ting som endrar livet hennar.

Eg kunne ikkje legge frå meg denne boka. For det første er historia gripande, og veldig spanande. For det andre er den utruleg velskriven. Litt etter litt blir fortida og notida knytt saman, og ein ser alle samanhengane. I tillegg syns eg alle personane i historia hadde ei god djubde i seg. Dei var komplekse menneske med ulike personlegdommar. Det gjer heller ikkje noko at forfattaren serverer veldig levande bilder, og eg fekk rett og slett ei kjensle av å nesten vere der. Eg kunne sjå for meg lydane, lukta og lyset ved solnedgongen.

Eg har fått ein ny favorittforfattar, det er i alle fall sikkert!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kristin_Therese HolmAnne LønøyHilde H HelsethPiippokattaGodemineMarteSigrid NygaardKristine LouiseAlice NordliAnette Christin MjøsLailaCathrine PedersenKirsten LundDemeterGrete AastorpGeoffreyMarit AamdalCecilie69Vigdis VoldEli HagelundRandiALene AndresenSynnøve H HoelReadninggirl30Tor-Arne JensenSverreMarenJarmo LarsenRisRosOgKlagingRoger MartinsenBeathe SolbergTove Obrestad WøienalpakkaEmil ChristiansenNils PharoEivind  VaksvikEllen E. MartolHallgrim BarlaupEgil Stangeland