Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Skal tru om denne historia gjekk som TV-serie på 1970-talet ein gang? Eg har eit vagt minne i den retninga. Uansett, ein er i London i 1547, det er Henrik den åttande som regjerer. Tronarvingen er den unge prins Edward. Så har det seg slik at der er ein fattiggut i London, Tom Canty, som utan å vite det er forbløffande lik prins Edward. Lagnaden vil det slik at dei to gutane møtest, Edward inviterer Tom innom gemakkane sine, og for moro så byter dei to gutungane klede. Men ved uheldige omstende så blir Edward, no kledd som ein tiggar, kasta ut frå slottet. Og når Tom, no kledd som prins, prøver å forklare kva som har skjedd, er det ingen som trur på han.

Det er ikkje heilt lett å akseptere premissane for denne ombytinga som truverdige. Men ein får sjå litt stort på det, når det først har skjedd så ligg jo alt til rette for mange absurde situasjonar; Edward som må tilpasse seg livet mellom dei elendigaste av dei komande undersåttane sine, og Tom som må prøve å manøvrere seg gjennom rolla som tronarving. Etter kvart skjer det noko som gjer at det hastar med å byte tilbake rollene, men det er alt anna enn enkelt. Kan dette gå bra?

Alt i alt ei flott og artig bok. Den er nok først og fremst reikna som ei forteljing for barn, men som vaksen (i alle fall reikna i antal år) hadde eg likevel stor moro av å høyre igjennom den. Eg hørde den som gratis lydbok på Loyalbooks, og opplesaren heldt mål denne gangen også.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

TralteKaren RamsvikToveRisRosOgKlagingKjell F TislevollNora FjelliHarald KSynnøve H HoelLeseberta_23Ellen E. MartolEivind  VaksvikRune U. FurbergMarteJarmo LarsenRonnyLailaKirsten LundReadninggirl30Marit HøvdeVannflaskeMonica CarlsenEster SPiippokattaDemeterTor-Arne JensenKarin  JensenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPer LundVibekeKristineBjørg Marit TinholtTine VictoriaInger-LiseSolingar hSiv ÅrdalLibris50NorahTone SundlandTanteMamie