Når eit flyktig sinn greier å fullføre ei filosofibok er det eit teikn på kvalitet. Hverven si bok skulle vore pensum i alle filosofikurs, nettopp fordi han greier å problematisera utdatert antroposentrisme. Lesaren blir i staden ståande igjen med måter å sjå verdi i naturen. Individer og økosystemer blir tillagt ulik vektlegging blant moderne filosofar. Premissane forandrar seg i kvart kapittel, mellom anna ved at økonomifaget også får gjennomgå. Ei innføringsbok for eit av dei aller viktigaste emnene i vårt årtusen: naturfilosofi og miljøetikk.