Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Ja, ein får assosiasjonar til Mattis Tust, men Haugmann er ein ganske annan. Haugmann er profet for dei lågmælte og epletrea hans er terapeutar for ein superrik treklemmar. Han har nok å stri med, om han i tillegg til alt det andre skulle gå rundt med tungsinn som andre av dei innlagde. Så, håpløysa finn du ikkje i denne boka. Her er ikkje stereotypiske "gjøkeredet"-psykiatarar i frakk, men ein overlege som sjølv finn trøyst på skuldra til den utskrivne pasienten, og Poeten som gjev ut tustens songar i diktform.

Språket er vakkert. Ingenting å seie på det. Kan det bli for lyst? Kanskje? Men det hadde eg ikkje vondt av. Eg kjente lukta av sommaren ved ein trang vestlandsfjord. Og eg blei kjent med Haugmann med fjernøyret.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KEvaRisRosOgKlagingJane Foss HaugenAnne-Stine Ruud HusevågBård StøreBjørn SturødAlexandra Maria Gressum-KemppiKaramasov11Vigdis VoldKareteRonnyTanteMamieYvonne JohannesenNora FjelliDemeterAneEllen E. MartolIngeborg GPiippokattaEivind  VaksvikAvaMonica CarlsenElisabeth SveeBeathe SolbergMarit HåverstadTonesen81Hilde H HelsethKirsten LundGro-Anita RoenReidun SvensliAkima MontgomeryKjell F TislevollFarfalleSynnøve H HoelIngvild SJulie StensethBerit RBerty