Dette er ei samling med forteljingar frå indaren Rabindranath Tagore, som fekk Nobelprisen i litteratur i 1913. Sidan eg prøve å lese litt variert, samt at eg lett let meg imponere av at forfattarar får Nobelpris, tenkte eg at dette måtte vere ei ideell bok for meg. Det var sikkert godt tenkt, men det stemte ikkje heilt.
Det er 14 historer i denne boka, litt varierande lengde, og litt varierande tematikk. Men det var berre unntaksvis at historiene fenga meg. Noko av problemet er nok at eg ikkje forstår samfunnet som blir skildra, dei sosiale kodene som er sjølvsagde i Tagore sine forteljingar er til dels uforståelege for meg. Kanskje hadde eg også ynskt at forfattaren problematiserte kastesamfunnet. Og kanskje er det så enkelt at nokre av historiene var litt kjedelege.
Eg høyrde denne som lydbok på Loyalbooks. Opplesaren hadde ein indisk-klingande aksent, det er mulig at enkelte vil meine dette gjev eit anstrøk av autensitet over opplesinga. Men for meg blei det berre forstyrrande. Alt i alt er Tagore ein forfattar eg set på vent inntil vidare, eg skal vere rimeleg trygg på at eg vil like ei anna bok av han før eg eventuelt gir meg i kast med den.