Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Den unge Mark Twain fortel om ein snartur frå barndomsheimen sin i Missouri til Nevada. Han skal bli med storebroren sin som har fått ei stilling i adminsitrasjonen der i 1861, og hadde tenkt seg å bli der ei tre månadars tid. Vel, det tok 6-7 år før han kom heim att, etter mellom anna å ha vært på sølv- og gullgraving i Nevada, innom California ei stund, og i tillegg tatt ein tur til Hawaii, eller «Sandwich Islands» som han skreiv.

Han nøyer seg ikkje med sine eigne opplevingar, men sper på med eit vell av anekdoter og forteljingar han har plukka opp undervegs. I følge wikipedia har han også smurt på ganske tjukt angåande sine eigne opplevingar. Men det gjer ikkje noko, for det er så rasande festlig skrive at eg utan vidare ber over med dette. Forfattaren sin tilnærming til eige sanningsgehalt er for øvrig at han i eit kort forord ber om orsaking for at der er så mykje fakta i boka.

For den som likar eventyr, gode reiseskildringar og ein humoristirk penn, så er dette ei bok å anbefale. Sjølv høyrde eg den som gratis lydbok på Loyalbooks, det tok meg litt tid å venje meg til den litt påtatt slurvete stilen til opplesaren, men etter ein times tid var det heilt greit. God bok, og eg må nok lese meir at Mark Twain framover.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Monica CarlsenAlice NordliChristoffer SmedaasRoger MartinsenTove Obrestad WøienSigrid Blytt TøsdalBjørg Marit TinholtTrude JensenkntschjrldHanne Kvernmo RyeLene AndresenLeseaaseSissel ElisabethTurid KjendlieIngvild SmgeelmeKjerstiFindusGrete AastorpBerit RStine SevilhaugTherese HolmBeathe SolbergHarald KMads Leonard HolvikKirsten LundPrunellaLailaIngunn SHelena ETine SundalEli Hagelundritaolineingar hKarin BergLars Johann MiljeJarmo LarsenBjørg  FrøysaaEllen E. Martol