Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Bok for sånne som meg som synes meitemarkar er fascinerande vesen. Frå eg var liten og fiskegal, og far min og eg grov mark i "ruskedongjen" ved låven før vi gjekk og fiska oppe i elva, har eg digga desse brune skapningane. Amy Stewart går i djupna bokstavleg tala. Vi følgjer Charles Darwin sin fascinasjon for meitemarken, og samstundes tek Stewart oss med på ei reise i dagens meitemarkvitskap. Lesaren skjønar etterkvart at meitemarken er svært viktig for jorda sitt ve og vel, og at dei kan vere uvurderlege mellom anna til å gjere kloakk om til reint vatn og matjord, hente miljøgifter og tungmetall ut frå forureina jord, for sunne skogar og kan til og med vise forskarane korleis regenerere armar og bein. Vi får også lære om ein opp til fleire meter lang meitemark i Oregon som utsondrar ein eim av liljer, i tillegg til mange andre interessante fakta.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Ingrid HilmerAnne-Stine Ruud HusevågMarianne  SkageHarald KFiolToveBertyKaren RamsvikBerit B LieLailaEli HagelundTanteMamieTove Obrestad WøienMarianne TKirsten LundmgePi_MesonG LKristine LouiseTor-Arne JensenDinaTheaTone SundlandLiv-Torill AustgulenStig TAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJarmo LarsenVannflaskeNinagretemorBente NogvaCarine OlsrødritaolineReidun SvensliGrete AmundsenKjell F TislevollInger-LiseMarit HåverstadEmil ChristiansenTatiana Wesserling