Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Denne gjekk som høyrespel i rikskringkastina ein gong i 70-åra, eg hugsar at eg låg klistra inntil radioen for å få med meg denne spanande forteljinga. Sidan har eg sett den som film med Bob Hoskins, så no var det på tide å lese boka. Eller i det minste høyre den, for denne høyrde eg som gratis lydbok frå Loyalbooks.

Den eksentriske professoren (er ikkje litteraturen såpass full av eksentriske professorar at det egentlig burde vere normalt å vere eksentrisk, og eksentrisk å vere normal?) Challenger har nyleg vært i jungelen i Sør-Amerika og har grunn til å tru at det finnest pterodaktylar og andre skrekkøgler på eit isolert fjellplatå der. Han rustar ut ein ny ekspedisjon, der mellom anna den skeptiske kollegaen og erkefienden Professor Summerlee får vere med, for ikkje å snakke om forteljaren, den unge journalisten Malone, som først og fremst blir med på dette for å imponere dama han er forelska i. Menn er ganske enkle slik.

Det er ei spanande og underhaldande historie Conan Doyle har dikta opp her. Ein røper ikkje for mykje om ein nemner at det blir dramatiske møte med både dinosaurar og andre skapningar. Enkelte logiske bristar er der kanskje, for ikkje å snakke om overdrivne detaljar hist og pist. Men dette er eventyr, og må lesast som eit eventyr, og det skal først og fremst vere moro. Sidan det er tilrådeleg å more seg av og til, har eg ingen problem med å anbefale denne til ande bokelskarar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ingeborg GCecilie EllefsenTone HHarald KLinda PaulsenNils PharoKirsten LundTorill RevheimHeleneÅsmund ÅdnøyHenrik  Holtvedt AndersenritaolineToveLinda NyrudBirkaAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaNicolai Alexander StyveLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiHilde Merete GjessingEster STorAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe SolstadMorten MüllerEllen E. MartolGro-Anita RoenBenedikteAstrid Terese Bjorland SkjeggerudIngunnBerit R