Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Eg tykkjer det er veldig moro med gamal science-fiction, og denne boka er ikkje noko unntak. Begrepet «tidsmaskin» blir gjerne kreditert H.G. Wells og denne historia. Det heile startar med eit middagsselskap, der hovudpersonen som berre blir omtala som «Den tidsreisande» gjer greie for dei natuvitenskaplege premissa for at slike reiser er mogleg, og demonstrerer ein liten modell av ei tidsmaskin han er i ferd med å lage. Når dei same personane skal møtest igjen veka etterpå kjem ikkje Den tidsreisande i rett tid til middagsselskapet, men dukkar opp litt seinare, og i ein ganske herja tilstand. Han har reist i tida, og gjer etter kvart greie for eventyra sine.

Det er ganske brukbart plott Wells har kokt i hop. Reisa gjeng ganske langt fram i tid, og forfattaran har gjort seg tankar om utviklinga av menneskerasen. Her er også sterke innslag av klassekamp, og det er ikkje lett for Den tidsreisande å finne ut av kven som er venner og kven som er fiender. Det ligg i korta at hovudpersonen vinn å reise attende til si eiga tid. Med tanke på skildringa av korleis maskina styrast var det ganske godt gjort, eller kanskje heller ein utruleg porsjon flaks, at han greidde å vende attende til same dag som han reiste. Når eg ein gong skal bygge ein slik maskin, kjem eg til å satse på å ha litt fleire spakar å hjelpe seg med.

Eg høyrde denne boka som lydbok frå loyalbooks, der opplesaren gjorde ein god jobb. Det er ikkje råd med det, eg må nok få med meg fleire av Wells sine Sci-fi-bøker, får satse på ei om året eller der omkring.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtHarald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetil