Ein morderne havfruefortelling med referanser til den originale av H C Andersen.
Denne var eg skeptisk til i starten og det tok ein stund før eg blei vandt med både fortellerstil og plottet utgangspunktet, men når eg først kom inn i boka blei eg veldig reven med. Eg syntes boka tok seg betydelig opp i det fortellerstemmen bytta frå Kathleen til Harry. Først då blei eg hekta. Fortellerstemmen veksler forresten mellom 3 karakterer gjennom heile boka, noko som i mi mening, heva kvaliteten veldig. Vi følger Kathleen, kjærasten hennar - Harriet, og faren - Robin. Alle er aktive innen musikkformen opera. Kathleen er hovedpersonen her og det er hennar situasjon boka handler om - ho har arva moras "forbannelse". Ein forbanning som har gått i arv i mange mange år og som dei no forsøker å bryte. Mtp bokas tittel regner eg ikkje med å "spoile" for mykje når eg seier at denne forbannelsen har noko med havfruer å gjere.
Dette var originalt, spennende og ja, rett og slett en forfriskende leseroppleving. Anbefales når ein er i humør til å utforske noko nytt!