Viser 1 til 10 av 22 omtaler

Svært bra! Tiller både skildrar veldig bra OG er meister i det usagde og såre i mellommenneskelege relasjonar. Tidvis noko forvirrande med stort persongalleri og at skrivemåten er lik i alle dei tre breva og bolkane. Likevel las eg boka ut på kort tid, så derfor terningkast 5..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette må være det beste jeg har lest! Fant boka hos en brukthandel, og lenge har den stått og ventet på tur. Ikke visste jeg at en av tidenes beste romaner? stod stille og tålomodig i bokhylla mi i et par år uten at jeg visste om det! Liker at Tiller skriver på nynorsk, det gir historien en helt annen opplevelse enn det ville gjort på bokmål. Basert på leseropplevelsen av denne boka, har jeg nå handlet inn alt fra forfatteren, og denne gangen skal de ikke stå lenge før de blir lest!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Umiddelbare tankar om den første boka i trilogien: ”Innsirkling” – av Carl Frode Tiller

Litt om ”konseptet” og plottet:
- David har mista hukommelsen etter ei ulykke, og i den forbindelse blir folka rundt han oppmuntra til å skrive brev til han, for å stimulere minnene, for å gje han eit bilete av kven han er. I boka følger vi tre menneske som har kjent David – ungdomsvenene Jon og Silje, og stefaren Arvid.
- Boka er delt i tre – og vil følgjer desse tre bekjente i kvar sin del av boka. Vi følger dei her og no (juni/juli 2006) - og får dermed sjå korleis dei har det, kva dei driv med, kva liva deirar handlar om osv… og denne ”no-tida” blir broten av med jamne mellomrom av utdrag av brevet dei har skrive til David – brev med tankar og minne om David.

DET EG LIKTE GODT:
- originalt og ”nytt” konsept for ei bok; noko eg ikkje har lese liknanande av før
- ein enorm menneskeleg g psykologisk forståelse og innsikt frå forfattaraen si side; ein kjenner igjen dei menneskelege karakteristikka; dei gode, dei vonde, dei flaue, tabu-tankane, ”galne” tankar.
- Spennande og tankevekkande
- interessant å sjå korleis David blir måla fram av dei andre sine tankar og minne. Og dette får ein til å sjølv reflektere litt på kven en er – korleis andre ser ein vs korleis ein ser på seg sjølv.
- det er ikkje noko fasit eller svar her på kven David er. Lesaren får sjølv danne seg eit bilete og eg ser føre meg at ingen sit igjen med heilt det same inntrykket av mannen David.
- Nettopp dette (punktet over) gjer også at dette er ei bok eg kan få lyst til å lese igjen seinare; for eg tipper at eg ved ein ny gjennomlesing vil tillegge karakteren David endå nokre nye karaktertrekk.
-
DET EG LIKTE LITT MINDRE:
- boka tek føre seg tre svært ulike karakterar, og alle desse tre skal skrive brev; då sakna eg ein tydelegare skillnad mellom karakterane. Skrivestilen er svært lik, språket og ordvalet er også veldig likt. For meg blei det tydeleg at det var ein forfattar som har skrive breva og ikkje karakterene i boka – for, treffer ein verkeleg på tre ”tilfeldige” menneske i den store verda som skriver så bra og som formulerer seg så likt?
- Dette samme poenget– språkvalet og formuleringar – er også noko eg syntes ødela litt når det gjaldt å følgje karakterane i no-tid; også her er skrivestilen veldig lik for kvar karakter. Måten tankane deirar blir skildra på, måten kjenseler kjem fram på .. det er så likt hos alle dei tre. Det blir nok ekstra synleg fordi det er skrive i første person. Alle tre karakterane fortel frå ”eg”-perspektivet, og hos alle tre er det tatt i bruk same slags verkemiddel – mellom anna gjentakningar og repetisjon.
For min del gjorde dette at det blei vanskelegare å sjå skilandene mellom dei tre karakterane; dei framstår (for meg) som likare enn dei er. Språket gjer at dei framstår ganske like, medan innhaldet og det som kjem fram gjer at ein veit at dei overhodet ikkje er like i det heile tatt.
- over tid; nesten tre hundre sider – blei det litt slitsamt å lese dette. Lange setningar, utallige komma. Skjønner jo at dette er virkemiddel og det fungerer (for det meste) veldig fint for å visekorleis dei ulike tankane utspelar seg, korleis assossiasjonar dukkar opp osv. Men når det heile vegen er skrive slik, som eit oppgulp av tankar og kjensler, blir det rett og slett litt for mykje av det gode. I mi audmjuke meining ville det gjort seg godt om det innimellom blei brote litt opp, at vi som lesarar i blant kunne få servert nokre kortare setningar, noko litt meir presist enn ”berre” lange tankebanar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

God bok, men passer kanskje eldre ungdom og voksne. Veldig mange personer og relasjoner mellom dem som man skal huske på. Boka bør nesten leses sammen kveld.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boken er ikke lett å forstå seg på! Boken er vanskelig å lese fordi den er på nynorsk. Det er selvfølgelig min egen feil at jeg ikke klarer å lese nynorsk så bra...allikevel er historien veldig hulter til bulter og jeg vet ikke helt hva som er "plottet". Det er ingen rød tråd og ingen flyt i historier. Hvordan forfatteren har fått skrapt i sammen en trilogi er utenfor min forståelse.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne mannen kan å krangle. Har skjelden lest bøker hvor krangling og konflikter innen famillien er beskrevet på en så troverdig måte.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Utan tvil har Tiller skrive ein nyskapande litterær roman. Tre personar som i 2006 kvar for seg er inne i ei alvorleg livskrise, finn eit godt høve til å sjå tilbake til 1980-talet då dei alle budde i Namsos. Der var dei i lag med ein fjerde hovudperson som no ligg på sjukehus med minnetap. Fortida rullast opp i brev til den elles tause David. Den originale framstillinga skulle jo gi liv til romanen, men eg fann han stykkvis tung å kome gjennom. Sjølv om dei to hovudkarakterane Jon og Silje gjev uttrykk for sterke kjensler, verker dei samstundes ganske flate. Eg har Innsirkling 2 liggjande, men kjem nok til å vente ei stund før eg les neste band.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For alle som er nysgjerrig på samspillet mellom mennesker, hvordan dette påvirker oss og er med på å forme oss, er denne boken absolutt å anbefale. Jeg klarte ikke å legge boken fra meg...

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det var en ting som jeg var glad for da jeg avsluttet denne romanen: At jeg ikke kjøpte alle tre i serien som jeg først hadde tenkt. Ser at dette prosjektet er unikt av flere årsaker, og at kritikerne derfor faller for boken. Men gikk jeg gikk lei mot slutten, det ble for mye "bla, bla....". da Silje fikk ordet. Link til innlegg på bloggen

Godt sagt! (0) Varsle Svar

BESTE BOKA I VERDEN!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

RisRosOgKlagingCatrine Olsen ArnesenMads Leonard HolvikEivind  VaksvikTheaKirsten LundEvaLinda NyrudHarald KSverreOlemarithcDemeterLinningar hRufsetufsaDolly DuckFriskusenSolReadninggirl30Tine SundalHilde H HelsethJørgen NTom-Erik FallaKikkan HaugenAgathe MolvikRune U. FurbergPi_MesonIna Elisabeth Bøgh VigreJohn LarsenStig TMorten MüllerKaren RamsvikLailaTorill RevheimHeidi Nicoline ErtnæsRonnyBente NogvaBjørg L.Connie