Likte denne føre boka til Macintosh såpass godt at eg berre måtte kjøpe denne. Var litt nervøs for at bok nr 2 skulle skuffe, den typiske vanskelege boka etter ein suksessrik debut... Men frykta var ugrunna og eg slukte denne boka. Du veit du har funnet deg ei god bok når du klokka 9 på kvelden later som om du er såååå trøytt at du nok må finne senga - berre for å få fred til å lese litt meir... Spennende, velskriven, og flotte karakterer som er truverdige. Stort pluss for at verken handlinga eller karakterane blir "for mykje" og hysteriske slik eg opplever at dei ofte gjer i slike bøker. Gleder meg til å lese meir av denne forfattaren og håper ho skriver kjapt!
Kort om handlinga - Zoe ser eit bilete av seg sjølv i avisa, på ei annonse for ein datingnettside. Ho er ikkje medlem der eller på nokre andre slike sider og syntes dette er ubehagelig og ekkelt. Så oppdagar ho at nokre av dei andre som tidligare har hatt sitt bilete i same annonse har blitt utsatt for diverse kriminelle handlingar og ho fryktar at ho sjølv er utsatt. Vi følger vekselvis politidama Kelly og Zoe og familien hennar.
Einaste minuset og det som gjer at eg likte "I Let You Go" hakket betre enn denne boka er at eg ikkje følte eg blei så godt kjent med Zoe som er blei av hovedpersonen i I Let You Go. Blei ikkje heilt klok på kven ho er som person, kva ho tenker, føler, meiner... Generelt kva holdningar ho har. Så... Kort sagt trur eg boka ville vore endå betre om Zoes personlighet hadde fått litt meir plass eller vore meir synleg.