Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dr. Munk er rask med å slå fast at han berre er produsent – eller eigentleg berre har lånt namnet sitt – til dette popleksikonet. Innhaldet er det Ragnar Hovland som står for. Og det er eit subjektivt leksikon, basert på kva Hovland har i cd-hyllene sine og som han synes er verdt å nemna. Eg sit att med to tankar: tenk om ein var so interessert i musikk som Hovland, det må gjera livet mykje rikare. Og eg kan verkeleg lite om populærmusikk frå 60- og 70-talet. Nei, vent, tre tankar: finst det ei Spotify-liste? Det gjer det ikkje, men du skal ikkje sjå vekk frå at eg lagar ei ein vakker dag.

I popleksikonet tek Hovland føre seg, i alfabetisk rekkefylgje, artistar og band som er betydd noko for han gjennom livet. Og litt andre viktige musikalske kuriositetar, som beste song når ein har kjærleikssorg og kva som eigentleg er greia med norsk popmusikk. Boki er kanskje ikkje det beste oppslagsverket om ein lurer på historia til The Beatles eller diskografien til Michael Jackson (som manglar i platesamlinga til Hovland), men den er god når ein lurer på kva som kan ha påverka Hovland opp gjennom tidene, eller om det eigentleg er verdt å ta ein kikk på hitlister (og undergrunnsscener i Paris) frå 60-talet. Og svaret er nok ja – eg får iallefall lyst til 1. lesa enno meir Hovland (inga overrasking der, nei) og 2. finna ut kva Nico, Procol Harum og The Incredible Stringband eigentleg har til felles.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Sigrid NygaardVegardTone HGrete AastorpLinda NyrudKjerstiHarald AndersenKirsten LundJohn GulfjelletKetilStig TPiippokattaTor Arne DahlLailaSigrid Blytt TøsdalAgathe MolvikReadninggirl30alpakkaRisRosOgKlagingTheaTorill RevheimEivind  VaksvikBjørg Marit TinholtNina M. Haugan FinnsonLilleviStine SevilhaugAnniken RøilRoger MartinsenTine VictoriaAnn EkerhovdNinaNorahTove Obrestad Wøieningar hJørgen NBokToreTor-Arne JensenPirelliLise MuntheMaren