Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette er ei samling med åtte humorsitiske stubbar, og der halvparten av dei handlar om overklasse-ungkaren Bertie Wooster og hovmeisteren hans Jeeves. Desse to er nok dei mest kjende litterære figurane til Wodehouse, og det er i denne boka frå 1919 at dei dukkar opp for første gang. Resten av forteljingane handlar om Reggie Pepper, ein annan overklasse-ungkar, som ikkje er så heilt ulik Bertie Wooster, men manglar den smarte hovmeisteren som alltid finn på ei elegant løysing. Eg har lest ein stad at Pepper eigentleg er ei tidleg utgåve av Wooster, så då er det det kanskje ikkje så rart at eg synest dei verkar ganske like.

Miljøet er overklasse, New York for Wooster sin del, og litt rundt omkring i historiene om Pepper. Desse karane har all verdens tid til å sysle med kva det måtte vere, og det dukkar gjerne opp ein venn eller eit familiemedlem med eit eller anna problem som må løysast. Forsøka på å løyse problemet har ein tendens til å slå feil, og ein må ty til diverse krumspring for å berge situasjonen. Dette inviterer til mange komiske episoder undervegs.

Det vil vere feil å påstå at historiene er hysterisk morosame, til dømes opplever eg at mange av dei humoristiske vendingane undervegs er litt for opplagde (kanskje var dei ikkje for opplagde i 1919?). Det som likevel bergar forteljingane er stilen, bruken av understatement, spesielt frå Jeeves sin side, og det underliggande skrå-blikket på overklasselivet.

Eg høyrde denne som lydbok på loyalbooks. Opplesaren gjorde ein god jobb. Nettstaden har også mange fleire lydbøker av Wodehouse, eg kjem nok til å høyre fleire med tida. Men ingen bråhast, ei om året er kanskje passeleg?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Berit B LieHegeHarald KHeidi HoltanKirsten LundInger-LiseTrygve JakobsenDolly DuckReadninggirl30TheaHilde H HelsethCathrine PedersenAgnete M. HafskjoldTine SundalBeathe SolbergTjommiLene MBjørg Marit TinholtConnieToveJakob SæthrealpakkaPär J ThorssonSynnøve H HoelFindusEllen E. MartolDaffy EnglundMonica CarlsenIngunnJKarin BergIngeborg GEli HagelundGrete AastorpAkima MontgomeryNora FjelliAnniken RøilAliceInsaneBård StøreHeidiMathilde