Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Etter å ha hatt ei kjempeoppleving med A Tale of Two Cities bestemte eg meg for å følge opp med ei ny Dickens-lydbok ganske kjapt, og valet fall på Oliver Twist, ei av dei mest kjende bøkene hans.

Omrisset av historia er vel kjent for dei aller fleste? Oliver Twist er foreldrelaus, og veks opp i ein instutusjon for foreldrelause barn. Eit av formåla med institusjonen er at borna skal lære seg eit arbeid, men Oliver er ikkje særleg helding med arbeidsgjevarane han blir send til, og det ender med at han rømer til storbyen London. Her blir han lurt med i ein tjuvbande, og ting ser ganske mørkt ut før han treff på nokon som kan hjelpe han ut av elendet. Midt oppe i dette er det ein mystisk person som har ein eigen agenda når det gjeld Oliver.

Alt i alt er det ei brukbar forteljing, og ein god del meir kompleks enn «barnebok-stempelet» den har fått skulle tyde på. Men eg tykte på ingen måte at boka var like god som A Tale of Two Cities. Sjølv om skildringar av miljø og personar var av høg klasse, så saknar eg litt av den fandenivoldskheita som eg meinte å høyre i den førre boka. Dessutan tykte eg at det innimellom var litt for lettvinte løysingar med gode krefter som kom Oliver til hjelp utover i boka.

Men bevares, boka er god nok til at det er verdt å bruke tid på den, og vel så det. Og den er også god nok til at eg kjem til å høyre på fleire Dickens-lydbøker i løpet av året som kjem. Eg gleder meg alt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Margrethe  HaugenHilde H HelsethHarald KG LLaila StenbrendenMathildeSol SkipnesAkima MontgomeryVidar KruminsLilleviPiippokattaINA TORNESsveinBjørg L.AvaFrode Øglænd  MalminJoakimVibekeKirsten LundIreneleserTove Obrestad WøienBeathe SolbergWenche VargasJulie StensethAnne-Stine Ruud HusevågToveAnneWangFriskusenSigrid Blytt TøsdalStig TEvaNorahDolly DuckKarin  JensenKatrinGKjell F TislevollJan-Olav SelforsChristofferHeidi BHanne