Viser 1 til 10 av 11 omtaler

Dette er mi fyrste bok skrive av Hoem, og ikkje visste eg at han førde eit slekt vidunderlig vakkert språk, og skreiv så meisterleg og poetisk på nynorsk. Ei virkelig nydelig bok der han skriv om mor si og far sin, og viser med måten han skriv på forståelse for livets krav og sut, og livets gleder og gåver. På måten han skriv om foreldra, virkar det som han har mykje kjærleik og respekt for dei. Eg får sjølv respekt for Hoem, og tenkjer at han er ein forfattar som har mykje ved seg; Klokskap, kunnskap, undring, varme -og utfrå inntrykket mitt frå denne boka; eit gudegjeve forfattartalent.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Fantastisk historie.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Litt for inngående om predikantlivet i starten av boka, men den tar seg opp etterhvert.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Han skriver godt og historien er god, spesielt fordi den er så nær. Men dette blir, som andre bøker jeg har lest av han, litt langdrygt. For min del kunne mye vært kuttet, spesielt mot slutten.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Mors og fars historie", Edvard Hoem
Edvard er ein forteljar. Han fortel. Dialogane, som eg ellers er så glad i i bøker uteblir. Eg sakna dei til å byrja med, men så fann eg ut at dei forsterka forteljinga med at eg sjølv måtte stoppe opp og sjå føre meg det som vart usagt - fylle hola sjølv. I boka fortel han om bønder, odel, soldatar, hopehav, svartsjuke, sjukdom, lengsel og prediken.
Om å tjene herren utan å vere herre over eige liv.
Ottadalen en har for meg vore ein av dei kjedeligste dalane i kongeriket - det er det ikkje etter å ha lest denne boka. Ei "tyskertøs" er sentral i forteljinga, og eg må berre sei at eg misunner dei som hadde sånne sterke kjensle for andre at dei berre måtte leva ut den kjærleiken dei møtte. Tenk at dei valgte, så tidlig som på 40-tallet, alle veit kor langt likestillinga hadde kome då, tenk å få oppleve ein så sterk kjærleik og begjær at "du gir deg hen" til noko så politisk ukorrekt som til ein soldat frå fienden. Standhaftige damer det der.
Edvard svimsar naturleg nok mykje innom bibelen i denne boka. Eit sitat som eg blir hengande ved er Salomos ordtak: "ei god hustru er mer verdt enn perler".
Eg las boka om oldefaren, "Slåttekar i himmelen" først. Denne om bestefedre, far og mor var skriven før, men å lesa dei i denne rekkefølgen gikk heilt greit, då det følgjer tidslinja som om det var ein film eller tv-serie. Noko eg håpar aldri vert laga. Hoem må lesast, bileta han skapar i tekst, må tenkjast i hovudet - ikkje bli laga av andre.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

«Mors og fars historie» har mykje sams med oppvekstromanen «Heimlandet Barndom», men denne boka legg enno meir vekt på å vere dokumentarisk, som når Hoem skriv: «Slik var det mor fortalte at det var». Men i denne soga om foreldra er det òg hol der «Det er ikkje nokon som kan seia korleis det var». Her fyller Hoem inn det som trengst med overtydande diktarfridom. Boka gir eit framifrå og medrivande innsyn i verda av i går, sjølv om sluttdatoen er så nyleg som 26. januar 2001.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Meisterleg av Hoem. Det er sjeldan ein boktittel er meir dekkande for innhaldet enn dette. Med utgangspunkt i hendingar som foreldra fortalte om medan dei levde har Hoem ved hjelp av notatbøker, brev, intervju, avisarkiv, sjukehusjournalar og anna rekonstruert livshistoria til foreldra sine, med fokus på dei hendingane og vala rundt den 2. verdskrigen som førte dei saman. Og der han manglar informasjon (og dette gjeld nok det meste av kva som har vært tenkt og sagt) har han dikta.

Faren var lekpredikant i indremisjonen, og det var i virket sitt i Gudbrandsdalen at han møtte mora. Begge hadde brent seg i eit tidlegare kjærleiksforhold, styggast var det nok for mora som vart gravid med ein tysk soldat. Det å vekke brende hjarte til live att kan ta noko tid, men det verkar som om Hoem sine foreldre greidde det ganske bra etter kvart.

Ved sidan av den sterkt personlege skildringa av sine eigne foreldre og øvrige familie, er det først og fremst innsynet i den nære forhistoria vår som gjer denne boka verdt å lese. Miljøskildringane er levande og overtydande, og ein får kjensla av å få vite korleis folk hadde det før i tida. Korleis det er å vere omreisande predikant er nok også ganske fjern kunnskap for dei fleste, det var imponerande å lese om faren sin innsats på dette området.

Eg høyrde denne som lydbok med forfattaren sjølv som opplesar, og gjekk inn i det med ein viss skepsis. Eg har nemlig høyrt Kjærleikens Ferjereiser som lydbok tidlegare, også den med Hoem som opplesar, og der tykte eg ikkje han gjorde det spesielt godt. Men i denne innspelinga var han framifrå.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg skal gjere dette kort. Eg har lese mykje sidan eg lærte å lese som liten gut heime i bygda. Denne boka eit stort høgdepunkt. Berre eit ord er dekkjande; FANTASTISK

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Koselig bok

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne lille romanen på litt over 200 sider som ligger i grenselandet mellom fiksjon og fakta rommer veldig mye. I tillegg moren og farens historie, gir den bl a et innblikk i hvordan det var å være ung den gang de levde. Da de som kom fra små kår ikke hadde mange valgmuligheter ved inngangen til voksenverden. God bok! Link til et innlegg på bloggen om min leseopplevelse med sitat fra boken

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Tor Arne DahlGVHarald KmgeThomas Heie H.PerSpelemannMargrethe  HaugenEster MahlumHanneGitte FurusethRune U. FurbergcupcakeChrissieReadninggirl20Julie StensethLene AndresenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHeidi LTorgrim VåganEivind  VaksvikMarie ØstvoldHilde H  Helsethkjell kNeda AlaeiStian Zimmermann AslaksbyCaroline Ekornes JohannessenBeate KristinBeathe SolbergElin SkjerengsiljehusmorritaolineKay NilsenLailaRandi FramnesIvar SandHedvigIngrid BenedikteFrode TangenEli HagelundIngunn S