Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Nei, eg er ingen diktkjennar. Men eg prøver likevel å bla igjenom ei diktsamling eller to i løpet av året, kanskje klarer eg å utvikle ein sikker teft for denne litteratursjangeren? Eller kanskje ikkje.

Uansett, det var omslaget og tittelen som fenga interessa mi for denne boka. Som hundeeigar så lurer eg straks på kva det er for slags evangelium bikkjene har å forholde seg til. Eller kanskje ein blir bikkjefrelst av å lese den?

Jaudå, dikta har til dels åndelege tilsnitt, med både åpenbaringar og salmar. Ein del av dikta er betraktningar frå eit hundeperspektiv, i andre er det kanskje frå eit menneskeperspektiv, men uansett relatert til hund på ein eller annan måte. Underfundige tekstar, enkelte av dei kjende eg at eg fekk taket på, medan andre sleit eg litt meir med.

Eg er mest glad i dikt med rim og rytme. Det er det fint lite av i denn samlinga. Der er også ein seksjon som har meir karakter av korte prosastykke enn av dikt. Likevel kjenner eg at eg likte innhaldet. Litt av årsaka er nok at eg er veldig glad i vår eigen hund, men hovudårsaka er at eg liker underfundigheiter, å bli satt litt på prøve for å finne meininga. Og det blei eg i denne boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Harald KEgil StangelandLailaMads Leonard HolvikPiippokattaBjørg RistvedtSynnøve H HoelAneSiw ThorbjørnsenIngeborg GKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsHildaJulie StensethTor Arne DahlPer Åge SerigstadAmanda AGrete AastorpBente NogvaBenedikteLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempett