Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette er ei av dei mest kjende bøkene til nobelprisvinnaren i litteratur Anatole France, og den er ein bitande satire over fransk historie.

Plottet er som følger; ein nærsynt munk legg ut på ei magisk-realistisk reise, havnar på ei øy som er befolka av pingvinar, og døyper dei ved eit uhell. Vårherre og eit utval av helgenar diskuterer dei praktiske følgene av dette uhellet, og kjem fram til (etter mange rasande vittige diskusjonar) at pingvinane må gjerast om til menneske. Desse pingvin-menneska spelar så ut sin eigen versjon av fransk historie, samt nokre glimt av framtida (sett frå 1908).

Enkelte passasjer i boka får meg til å tenke på Candide av Voltaire, det er noko med den sprudlande, satiriske og nærmast vulgære måten å skildre enkelte hendingar på. Eigentleg er det eit lite mistak å lese denne boka for ein med såpass begrensa kunnskap om fransk historie som meg, men eg fekk i alle fall med meg enkelte av dei historiske hendingane som det blei raljert over. Den historia eg kanskje likte best var satiren over Dreyfus-saka, som forfattaren sjølv engasjerte seg sterkt i. Dette sitatet er frå innleiinga til denne historia.

Eg høyrde denne som lydbok frå Loyalbooks, opplesaren gjorde ein grei jobb. Hadde eg hatt kunnskap nok om fransk historie til å forstå alle poenga ville nok terningkastet blitt eit, kanskje to, auge høgare. Men slik det blei no gjekk litt for mykje av tida med til å undre seg over kva som var poenget med dei ulike forteljingane.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsvein