Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Det er lett å forstå kvifor denne boka blei ein suksess då den kom ut i 1912. Eit spanande og langt på veg velfortalt eventyr om spedbarnet som blir oppfostra av apar i jungelen. Dei fleste kjenner nok overfladisk til historia, eller i det minste til romanfiguren, frå teikneseriar og filmar. Likevel vil eg påstå at det er bryet verdt å lese originalhistoria. For det første er mange delar av handlinga annleis enn det eg har fanga opp frå meir populærkulturelle framstillingar, og for det andre så gjer språket historia langt meir levande enn det ein film kan makte å formidle.

Når det er sagt, så er der enkelte ting å setje fingeren på. Enkelte scener blir litt i overkant karikerte, og eg greier dessutan ikkje heilt å tru på det valet Jane gjer mot slutten av boka. Eller, ikkje valet i seg sjølv, men tankane som låg bak. Vidare ser ein sjølvsagt med 2016-briller at omtalen av innfødde afrikanarar, framstillinga av den farga amerikanske tenestejenta samt ideen om at Tarzan sine gode eigenskapar er resultat av overklasse-genane til foreldra ikkje er heilt i dagens ånd. Men ein må ta boka som eit produkt av sin tid, og det hindra meg på ingen måte å storkose meg med den.

Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, opplesinga var av god klasse. Så har eg lest ein stad at dei neste bøkene i serien (Burroughs gav ut 26 stykker) ikkje er heilt av same klasse. Med mindre nokon greier å overtyde meg om at nokon av dei er like bra som den første, så kjem eg nok til å nøye meg med nr 1, for ikkje å få øydelagt inntrykket mitt av apenes konge.

Og ein bitteliten spoiler heilt til slutt, i den grad ein kan kalle opplysningar om ting som ikkje stend i boka for ein spoiler: Den vidgjetne frasen «Me Tarzan, you Jane» er ikkje med, denne har oppstått på ein annan måte

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Marianne MStig TTherese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn S