Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette er eit knippe historier stila til ein liten unge. Kipling talar direkte til ungen undervegs i historiene, med frasen «O my best beloved». Dei fleste av dei 13 historiene har som fellestrekk at dei fortel om korleis ulike dyr fekk dei ulike kjenneteikna sine; kvalen sitt svelg (med bardar), kamelen sin pukkel, den tjukke huda til nashornet etc. Det er stor grad av fantasirikdom og originalitet i forteljingane. Der er sjølvsagt også ein god del humor, og den er todelt. Noko av humoren er tenkt for barn, medan ein for andre humoristiske poeng truleg må vere vaksen for å få fullt utbytte av dei.

Boka er skriven av ein borgar av kolonimakta Storbritannia for over 110 år sidan, og den må nok lesast med dette i bakhovudet. Enkelte passasjar eller poeng ville nok i dag bli stempla som rasistiske, stigmatiserande, kjønnsdiskriminerande eller med andre merkelappar for upassande formuleringar. Likevel er ikkje dette noko som skjemmer boka i særleg grad sjølv med PK-briller på nasa, i allefall ikkje dersom ein tek innover seg at dette var skrive i ei anna tid.

Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, opplesaren hadde ein indisk-liknande aksent som på ein måte kledde historiene godt med tanke på Kipling sin bakgrunn frå India. Einaste ulempen med lydbok denne gangen er at den trykte boka inneheld eit par illustrasjonar for kvar historie. Opplesaren las også den omfangsrike, forklarande biletteksta til kvar illustrasjon, og det er nok ingen annan råd enn å skaffe seg eit trykt eksemplar slik at eg kan få sett dei.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardTor-Arne Jensen