Synst den omlag første halvdelen eller litt meir fungerte fint, med fin rytme og klåre bilete. Etter kvart blei det etter min smak for mykje om Gud samstundes som ordsamansetningane blei meir haltande og diffuse.
"Poesiar etter Henrik Wergeland", Jon Fosse.
Likar Fosse eg, det er ikkje det, men det her skrift over skrift opplegger, kor Fosse diktar opp på noko av det Wergeland har laga - og me veit ikkje kva som er av kven - det fungerte ikkje for meg.
Rett og slett kjedelig. Fann heller ikkje rytmen i det han skreiv. Den har eg funne tidlegare, men no halta eg.
Jon Fosses bok “POESIAR etter Henrik Wergeland” er blitt en skatt av ei diktsamling. Under lesningen trenger et dikt av Tor Jonsson seg fram:
Fattig ynskje
Var eg ein Gud,
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.
Var eg ein Gud,
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.
Jon Fosse tar oss med inn i Wergelands univers av stjerner, tårer, engler og svarte bølgjer og lar oss dvele der i “ei sky av noko som vart til fred.”
HO MÅ BERA HAN HEIM
og derifrå til himmelen
lik ein engel
å det er som om eit stilt
lummert regn
fall i hjarta mitt
og som om steinen
i smerta mi
sorga mi
løyste seg opp
i velsigning
og tekte berga
med ei sky av noko
som vart til fred.
IKRING OSS, ELSKTE, ER DEI
glade skuggane
så hald meg fast
i dine armar
for engelen har spreidd ut
sitt kjælne nærvær
og snart klagar det så ømt
så ømt
at det kan få gleda
til å gråta
å, du milde søte regn
hald fram
hald fram
DEI GAMLE STJERNER
såg kloten vår
verta til
Og evig klår er himmelen
Og landet søkk medan havet lyfter seg opp
friare enn fuglen
og med storm flyg eg bort
over bølgjers brytande skavlar
og høyrer ved havsens botn
jordklotens hjarta slå