Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Bind 2 i Sverre-trilogien handlar mest om korleis Sverre i spissen for opprørsflokken Birkebeinarane utfordra Erling Skakke, som på den tida styrte landet i påvente av at sonen Magnus Erlingsson skulle bli konge. Her er det alliansebygging, geriljataktikk og posisjonering over ein lav sko. Krigslukka snur og snur i mange omgangar, og meir enn ein gang må birkebeinarane legge ut på farefulle ferder i ufyseleg ver.

Erling Skakke var ikkje av kongeleg byrd, men var gift med dattera til Sigurd Jorsalfare, og sonen Magnus var såleis av konge-ætt sjølv om ein strengt tatt måtte følge den mannlege blodslinja for å kunne krevje å bli konge. Erling framstillast som ein omsynslaus og maktsjuk herskar, som sørgar for å få tatt livet av alle, inkludert sin eigen steson, som kan tenkast å true Magnus sin posisjon som framtidig konge. Magnus på sin side er av eit veikare slag. I det minste i denne boka.

Mykje av handlinga i boka dreier seg om å få kontroll over trønderhovudstaden. Her byttast det makthavarar nesten like ofte som eg byttar bukse. Vel, i der minste oftare enn eg handlar ny ytterjakke. Sidan eg kjenner byen ganske godt var det ekstra moro å lese Holt sin framstilling av dei historiske hendingane der. God bok, og etter mitt syn den mest underhaldande av bøkene i trilogien.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ann-ElinCarine OlsrødSiljeEivind  VaksvikAnne-Stine Ruud HusevågLilleviStig TLars MæhlumAmanda AMonaBLKaren PatriciaVannflaskeConnieFredrikMathildeBjørg L.Reidun SvensliPirelliG LLene AndresenKirsten LundSverreBerit RBeate KristinTove Obrestad WøienBeathe SolbergHanne Kvernmo RyeTrude JensenKristineJulie StensethAnniken RøilMargrethe  HaugenHilde H HelsethHarald KLaila StenbrendenSol SkipnesAkima MontgomeryVidar KruminsPiippokattaINA TORNES