Korleis har far din (eller mor di), og forholdet du har til han påverka deg og vala du har gjort og gjer i eige liv? Det er kanskje ikkje eit spørsmål ein tenkjer på til dagleg, men etter å ha lese Thomas Holst-Hansens "Farlige forbindelser" er det naturleg å gjere seg tankar. Holst-Hansen har intervjua 17 kjende personar om forholdet deira til far sin. Fleire av desse fedrene er også kjende personar. Vi får personlege tankar og refleksjonar om far-son-forholda, men heldigvis får ingen av intervjua lesaren til å sitje igjen med kjensla av grafsing.