Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Denne boka kunne fort blitt ei kjedelig oppramsing av medlems- og resultatlister av liten interesse utanom for dei som er eller har vært aktive i det aktuelle skyttarlaget. Men forfattarane femner vidare enn dette, her får ein solide doser lokalhistorie tilbake til tidleg 1800-tal og med enkelte glimt frå enno tidlegare tider. Vidare inkluderer boka eit lettfatteleg våpenhistorisk oversyn, korte sagn og eventyr frå lokalområdet, små portrett av markante jegerar og skyttarar frå tidlegare tider, og mykje anna rart. Ei lita skattkiste, med andre ord.

Forfattarane ser også ut over det lokalhistoriske perspektivet. Spesielt interessant var det å lese om skyttarlaga sin rolle i striden mellom storting og regjering på 1880-talet. Brorparten av skyttarlaga tok del i ei folkevæpningsrørsle, der tanken var at dei kunne setje makt bak stortinget sine standpunkt dersom det skulle bli naudsynt. Så langt gjekk det heldigvis ikkje.

Boka kom ut i 1984, på bakgrunn av stoff som var samla inn til skyttarlaget sitt 120-årsjubileum i 1983. Det meste av boka er forfatta av Erik Jenstad, men der er enkelte stykke som er skrivne av andre. Boka er illustrert med fotografi, mest av markante personar, men også av diverse gjenstandar og historiske dokument. Der er endåtil notar til ein skyttarmarsj som blei komponert i anledning eit stemne i 1885. Alt i alt ei variert, interessant og underhaldande lokalhistorie-bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ann ChristinAkima MontgomeryBente NogvaIngunnJChristofferJohn LarsenEster SKirsten LundSynnøve H HoelGrete AastorpChristin SillibakkenMalinTheaG LReidun SvensliNikkaDaffy EnglundBerit RSigrid Blytt TøsdalRolf IngemundsenPiippokattaMarie HolterEvaHanne Kvernmo RyeJulie StensethEileen BørresenTove Obrestad WøienChristinaLinda Rastenmay britt FagertveitLene AndresenHarald KAnniken LTanteMamieDemeterEllen E. MartolReidun Anette AugustinIngunn SBjørg L.Bjørg  Frøysaa