I Norge er denne boka mest kjend under tittelen Anne fra Bjørkely. Handlinga er lagt til den fiktive småbyen Avonlea på den ikkje fullt så fiktive Prince Edward Island på austkysten av Canada. Det godt vaksne syskjenparet Marilla og Matthew Culbert finn ut at dei skal adoptere ein gutunge frå ein barneheim på fastlandet, mellom anna for å ha hjelp på garden sidan dei sjølve tek til å eldast. Men når Matthew drar til togstasjonen for å møte guten, så viser det seg at barneheimen ved eit misforståing har sendt ei jente, Anne.
Anne har opplevd mykje vondt tidleg i livet, men er ei sprudlande og positiv, og framfor alt snakkesalig jente. Ho finn på mykje rart, og rotar seg opp i mange problem (dei fleste av lettare komisk karakter), men alt ordnar seg sjølvsagt til det beste. Jenta har dessutan ein særs livleg fantasi, noko som både er til hjelp og til ulempe undervegs. Noko av det finaste i boka er korleis Anne gleder seg over alle små ting rundt seg, og spesielt naturen. Apropos naturen, med tanke på at handlinga er på ei øy der det er uråd å kome lenger enn ca 15-20km unna kysten så var det påfallande lite hendingar som involverte saltvatn på nokon måte. Det aller, aller meste gjeng føre seg i kulturlandskap, i skog og i ferskvatn.
Boka er først og fremst reikna som ei barnebok, men sjølv som forholdsvis vaksen (i alle fall reikna i antal år) hadde eg stor glede av å lese den. Det vil seie høyre, eg høyrde den som lydbok frå loyalbooks. Det var ulike opplesarar til replikkane til dei ulike personane. For det meste veldig bra, med eit klart unntak for stemma til Anne sin bestevenninne Diana, ho høyrdest meir ut som ei gamal bestemor. Men totalt sett er eg nøgd med lydboka.