Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Når ein les om all denne drepinga på Island, så kan ein undrast over at der trass alt har ovelevd mange nok menneske til å stable på beina eit fotballag. Samstundes så synest det ikkje så underleg at eit fotballag frå Island er mellom dei mest hardtarbeidande og oppofrande ein har sett.

Men attende til boka, den fortel ei dramatisk ættesoge som strekker seg over nokre få generasjonar. Dei som fortalde, og dei som seinare skrev ned desse sogene la stor vekt på at det blei gjort greie for identiteten til personane dei handla om. I mangel av personnummer så får ein derfor ei utlegning om slektstreet til dei involverte, kanskje også ispeidd nokre anekdoter. Det forunderlege er at etter side opp og side ned med slektshistorie, så dukkar det opp korte handlingsmetta avsnitt. Her kan dei mest dramatiske hendingar, som isolert sett burde kunne vere stoff til ein eigen mursteinsroman, bli nøkternt redusert til nokre få korthogde linjer. Aner ein ein slags barsk «understatement-humor» bak desse framstillingane?

Enkelte av hendingane er av slik karakter at det er freistande å tenke at dei har blitt overdrivne gjennom muntlege overleveringar. Her tenker eg kanskje spesielt på nokre av bragdene til Skarphedin. Meir lit kan ein kanskje feste til skildringane av rettspraksisen på Island på denne tida. Dette var tidvis fornøyeleg lesing, sjølv for ein som ikkje er spesielt interessert i jus. Taktikken med å trenere rettssaker ved å vise til formelle feil er visst ikkje noko ein har kome på i nyare tid.

Islandske ættesagaar har nok ikkje blitt nokon ny favorittgenre med denne boka, men det var likevel grei og interessant lesnad. Om ikkje anna så kan det vere bryet verdt å lese den for å minne seg på at haldningane våre til hemn og drap har betra seg litt dei siste tusen åra.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Roger MartinsenMarteAmanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda Nyrud