Viser 1 til 1 av 1 omtaler

MaddAddam begynner der Oryx and Crake og The Year of the Flood slutta. Størstedelen av menneska er døde og dei få som er att kjemper for livet i ei post-apokalyptisk verd. Våre overlevande protagonistar har samla seg i ein liten leir saman med Crake sin nye rase der dei prøver å beskytte seg mot samvitslause drapsmenn og intelligente griser.
Mykje av denne boka er via Zeb sin historie, samt the Crakers. Sistnevnte er særs fornøyelige i all si uskyld og naivitet, samtidig som me ser at dei slett ikkje er uintelligente og dei lærer fort.

MaddAddam knyter saman ei rekkje trådar frå Oryx and Crake og The year of the flood, og bidreg i stor grad til at lesaren ser God's Gardeners med nye auge. Irritasjonsmomentet frå Flood der karakterer frå Oryx and Crake stadig dukker opp får og ei viss forklaring. Litt av det same skjer rett nok i MaddAddam og, men naturlegvis i langt mindre grad.

Eg likte denne boka svært godt. Både det at den knyter saman lause tråder frå dei to tidlegare bøkene og det at den introduserer nye trådar, gav meg eit inntrykk av å ha fått eit glimt inn i denne verda utan at kvar einaste dråpe har blitt vridd utor den. Me får sannsynligvis aldri vete korleis det går vidare med dei som framleis er i live når boka ender, same kor irriterande det først er så kjennest det og veldig riktig på ein måte. Eg må innrømme at eg ikkje ville forlate Toby, Zeb, Ren, Blackbeard og dei andre, så lesinga gjekk seinare og seinare når eg nærma meg slutten. Slik boka ender kan ein i det minste ha eit håp om at der er fleire små samfunn av overlevande rundt om, men det er opp til fantasien å finne ut korleis dei klarer seg.

Karakteren blir ein femmer frå meg, og det same vil eg gje den samla trilogien.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundVannflaskeHanne Kvernmo RyeEster SElin FjellheimToveTove AlmaReidun SvensliAmanda AAgnete M. HafskjoldHanneReidun GranberggretemorAud Merete RambølAnne-Stine Ruud HusevågHarald KLailaRonnyAnniken RøilPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemeterGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenPirelliSynnøve H HoelKoriander