Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Det beste med denne boka er at den er estetisk pent utforma med stilreint design og vakre bilete. Ellers er det dessverre ikkje så mykje ved den som fortener skryt. Språket er dårleg (ein skulle tru den ikkje var korrekturlest i det heile - det gjekk nesten ikkje ei side utan at eg fann fleire rare setningar, og/å-feil, kommafeil og/eller andre typar skrivefeil), forfattaren gjentek seg sjølv alt for mange gongar, og til tider er ho altfor påståeleg og generaliserande. I tillegg er innhaldet svært overfladisk og lite oppfinnsamt. I beste fall kan ein bli rørt av forfattaren sine beretningar om ein oppvekst prega av ein alkoholavhengig far, eller la seg inspirere av bileta eller matoppskriftene hennar, men ellers er det fint lite å hente frå denne leseopplevinga, dessverre. Det skal seiast at det er forfattaren si første bok, og å forvente noko stort og grensesprengange frå ein debutant er vel uansett urimeleg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg L.LailaTone SundlandRisRosOgKlagingIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaVegardMorten JensenKirsten LundJane Foss HaugenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRoger MartinsenLilleviAleksanderAnne Berit GrønbechHelge-Mikal HartvedtJørgen NMarit HåverstadAnniken LHanne Kvernmo RyeReidun SvensliGladleserBjørn SturødFarfalleVilde Gran JohansenMarianne_Tove Obrestad WøienElin FjellheimRune U. FurbergTralteToveHarald KJorund KorbiMartineDemeterIngunn SNorahOddvarGMarteKristine Louise