Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Flott eventyr frå tida rundt den franske revolusjonen. Andre-Louis Moreau er ein ung advokat som ikkje er spesielt idealistisk anlagt. Men når bestvenen, ein revolusjonær, gjeng i rette med den mektige landeigaren Marquis de La Tour d'Azyr, for så å bli lurt inn i ein situasjon der han må duellere med, og blir drepen av, den same d’Azyr, så sver Moreau på å halde fram venen sin kamp mot urett.

Scaramouche er ein figur frå italiensk skodespeltradisjon, ein slags intrigemakar som set seg sjølv i vanskar, men som alltid finn ein elegant utveg. Moreau kan nok ikkje kallast ein intrigemakar, men når han vel side i hendingane som leier fram til revolusjonen så set han seg definitivt i vanskar. Og han finn alltid ein utveg. Undervegs tek han mellom anna følge med ein omreisande teatertrupp, og han får etterkvart spele rolla som – ja, nettopp – Scaramouche.

Det er sjølvsagt mykje stoff om den franske revolusjonen i denne boka. Likevel er det ikkje først og fremst ei historie om revolusjonen, den er, om ikkje redusert til ei kulisse, så i det minste ikkje det drivande elementet i forteljinga. Hovudmotivet er motsetjingane mellom Moreau og Marquis de La Tour d'Azyr, dei møtest under fleire ulike omstende i løpet av boka, og dei får fleire og fleire uoppgjorde saker seg imellom. Ja, og så er der litt romantikk også, då.

Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, opplesaren gjorde ein framifrå jobb. Anbefalast.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Linda NyrudHeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTone HTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenKirsten LundBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.Ingrid Hilmer