Viser 1 til 1 av 1 omtaler

"M train", Patti Smith
Når eg les ei bok byrjar eg med å granske omslaget. Bildet, etter symbolar, folk om der er det, omgjvelsar og miljø. Så les eg baksida og forordet. Også etterordet er eg innom - litt forsiktig.
Så, når eg startar sjølve lesinga, les eg sakte sakte, for å finne rytma og utrykksmåten til forfattaren. Eg googlar stadar, ser på kartet, googlar folk, kunst, kunstarar, bøker og forfattere etter kvart som dei dukker opp i historia. Av og til er eg så inne i bøkene at eg forsvinn frå dei rundt meg. Akkurat som eg er i ei boble - i ei leseboble.

Kva boka handla om? Den handla om ingenting. I hvert fall prøvde Patti å skrive om ingenting, så ho skreiv om sin daglege dont om det å være ein forfattar, kunstnar. Kor ho gikk på kafe for å drikke kaffe på stambordet sitt, kor ho skriv ned inntrykk og minner fra kunst, bøker, reiser ho har reist, folk ho har møtt, folk ho har overlevd - folk ho har satt til verden. Kor ho går inn i det som nokon kallar for ei skriveboble.
Fint at ho skriv om måten, om inntrykka, kjeldene, musikken og kunsten som inspirerer ho. På denne måten teiknar ho landskapet som både forfattarane og vi lesarar likar oss så godt i, der vi går på jakt etter gode opplevelser. Akkurat som jegrar og bærplukkere går på jakt i same terreng etter dei same bytta. Eg kjende meg igjen i mykje men ikkje alt, men nok til å føle at vi var der saman og delte noko saman. Kjende ikkje til alt ho hadde sett og hørt, fint at ho viste meg noko nytt i eit ellers kjent landskap. Og det er det som er så fint med å like kunst og kultur; vi kan dele og vise fram til andre. Vi slepp å holde moltemyra hemmeleg og være redd for at andre tek kvota vær. Vi er heldige sånn.

Om boka var god? Ja, men ikkje så lett tilgjengeleg for meg. Der var for mykje eg ikkje kjente til. Eg måtte google mykje, så det vart ei kronglat reise. Men med så godt reisefølge var det vært å bruke tid på dette. Alt skal ikkje være så lett. "Ein kjem ikkje til fjells på flat veg", og av og til følte eg at vi var i den same bobla. Patti og eg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

TralteKaren RamsvikToveRisRosOgKlagingKjell F TislevollNora FjelliHarald KSynnøve H HoelLeseberta_23Ellen E. MartolEivind  VaksvikRune U. FurbergMarteJarmo LarsenRonnyLailaKirsten LundReadninggirl30Marit HøvdeVannflaskeMonica CarlsenEster SPiippokattaDemeterTor-Arne JensenKarin  JensenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPer LundVibekeKristineBjørg Marit TinholtTine VictoriaInger-LiseSolingar hSiv ÅrdalLibris50NorahTone SundlandTanteMamie