Viser 1 til 2 av 2 omtaler

HANDLING:
Då barndomskameraten mister livet, vender Håkon nasa heimover til Lillehammer, kor han ikkje har vore sida ungdomsskuletida. Her vert han og kameratgjengen frå dei dagane samla igjen, og det som skjedde den gong kjem skate men sikkert til overflata.

  • PLUSSAR +
  • Thriller-bok som samstundes også kan opplevast som ein kortform av barndomsroman.
  • Lettleseleg
  • Alt heng i saman – alle dei lause trådane eg fann undervegs blei samla veldig fint og naturleg opp
  • På knappe 200 sider blir ei stor fortelling fortalt; dette er eit plott som lett kunne blitt halt ut og blitt skriven på dobbel så mange sider– at historia er så komprimert gjer at:
  • ein som lesar held fokuset
  • Det blir ingen ”daude” punkter; spenninga er der heile tida

– MINUSAR –
– språk; heilt ok, men boka ville vore betydeleg betre om språket var hakket kvassare. Tenker meg bøkene til f.eks Peter May kor gode historier blir til knakande gode romanar fordi dei formidlast på eit fantastisk flott språk. Språket her er ikkje dårleg, men det er ikkje noko å skrive heim om – det løfter ikkje romanen opp. Kort sagt; eit meir særprega språk, eit annleis språk enn det som er brukt ville løfta kvaliteten av sjølve historia betrakteleg.
– Dette seier eg så og seie aldri: Boka blir litt for kort! For lite og for enkelt til at eg blei kjend med hovudpersonen; tankar, kjensler, verdiar osv… får jo eit visst inntrykk, men ikkje heilt nok til at eg genuint klarte ”bry meg” om han som person. Altså; litt for lite personleg engasjement frå mi side.

DOM/ANBEFALING
Kort sagt – ein spennande thriller, ei bok som fortel svært mykje trass i sine få sidetal. Ei bok som underheld og byr på spenning, men som dessverre ikkje skapar noko varig inntrykk. Ei bok eg las, ei bok eg koste meg med, og også ei bok eg kjem til å gløyme ganske kjapt.

Les denne om du vil ha ei bok som:
– du kan lese på ein dag – ho går kjapt unna
– leverer spenning og eit godt plott
– Er fri frå klisjéar
– Inneheld mystikk og gåter til siste side
– utfolder seg i eit veldig passeleg tempo
– kombinerer thriller-sjangeren med ein kortform av oppvekstroman.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Håkon drar tilbake til hjembyen Lillehammer for å delta i begravelsen til Christoffer. Han møter igjen kameratgjengen fra ungdomstiden. De har ikke hatt kontakt på mange år. Hva var det egentlig som skjedde den gangen?
Uhyggen og ubehaget bygger seg opp før du får noen overraskende tvister mot slutten. Meget god, liten roman - jeg liker den! Anbefales!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Amanda AMonaBLKaren PatriciaVannflaskeConnieFredrikMathildeBjørg L.Reidun SvensliPirelliG LLene AndresenKirsten LundSverreBerit RBeate KristinTove Obrestad WøienBeathe SolbergHanne Kvernmo RyeTrude JensenKristineJulie StensethAnniken RøilMargrethe  HaugenHilde H HelsethHarald KLaila StenbrendenSol SkipnesAkima MontgomeryVidar KruminsLilleviPiippokattaINA TORNESsveinAvaFrode Øglænd  MalminJoakimVibekeIreneleserWenche Vargas