Viser 1 til 1 av 1 omtaler

En vinter på Mallorca

Etter å ha sett terningkasta som vart gitt her inne, hadde eg absolutt ingen forventningar til boka, men så feil kunne eg altså ta! Dette er ei bok som passar perfekt til min humoristiske sans - det er lenge sidan eg har mora meg så kostelig! Den einaste grunnen til at boka vart innkjøpt i det heile tatt, var eit godt tilbod + Mallorca ( som eg har besøkt nokre gonger)

Tor Åge Bringsværd har skrive eit lengre forord, der han fortel om forfattaren (som var heilt ukjent for meg). Der seier han ma: "Skal man få mer enn et flyktig utbytte, kreves det derfor at man selv unner seg et kvarters dykk med litterære svømmeføtter og en historisk snorkel". For meg var det iallfall nyttig!

George Sand, eller Amantine Aurore Lucille Dupont, var fransk,skilt, hadde to barn og var ganske kontroversiell for si tid. Ho hadde ei rekkje forhold til div menn, ma var ho saman med Fredric Chopin i ni år. Boka vart utgitt for første gong i 1855 - og på norsk i 2009.

Ho fortel om opphaldet ho hadde på Mallorca vinteren 1838-1839. Og for ei skildring! "Dette er ikke fortellingen om en reise for for forelskede turtelduer, men tvert imot en forfrossen "bad trip" hvor omtrent alt går på tverke".(TÅB)

Ho har ein del skildringar av land, fauna og flora som kan måle seg med det meste og beste, men folket på øya har ho lite til overs for: "Mallorcanerne kan ikke fete opp okser, bruke ull til noe fornuftig eller melke kyr(). De vet ikke hvordan de skal få frembrakt nok korn til at de tør å spise av det; de nedverdiger seg ikke engang til å dyrke morbærtrær og utvinne silke, og de har ikke lenger noen anelse om hvordan man utøver snekkerens yrke,..."

Det er ikkje vanskelig å forstå at det mallorcinske folket opplevde det som ei fornærming!

Eg har valt å lese boka som eit produkt av si tid, og dermed blir det for meg morsomt! Det gjer også sitt at eg har besøkt dei stadene ho fortel om/ skildrar, sjølv om det er meir enn 150 år etterpå. Der er sikkert ein god del litterært som kan trekkje ned, men sidan eg hadde nokre svært artige timar, gir eg karakteren seks

( Og ein ting er sikkert: Boka skal med på mi neste reise til Mallorca, der er mange sekvensar + fotnotar som kan lesast igjen)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

marithcDemeterLinningar hRufsetufsaDolly DuckMads Leonard HolvikKirsten LundFriskusenSolReadninggirl30Tine SundalHilde H HelsethJørgen NTom-Erik FallaKikkan HaugenHarald KAgathe MolvikRune U. FurbergPi_MesonIna Elisabeth Bøgh VigreJohn LarsenStig TMorten MüllerKaren RamsvikLailaTorill RevheimHeidi Nicoline ErtnæsRonnyBente NogvaBjørg L.ConnieMorten JensenEli HagelundTrude JensenLisbeth Marie UvaagToveThomas KihlmanIrakkLillevi