Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Bibelutgåva 2011 er kanskje tidenes dyraste omsetjing her til lands - og etter mi meining også den langt beste, iallfall språkleg sett. Med namn som Karl Ove Knausgård og Jon Fosse som hjelpemenn på språksida borgar det for ein litterær kvalitet som godt mogleg ikkje har funne vegen inn i ei bibelutgåve før.

Bibel 2011 er det einaste bokverket som er å få i ei lang rekkje versjonar, frå dongeri-utgåva til kostbare skinnband og søkbar iPad-app. Til 2011-utgåva vart det også gjeve ut ei litterær 3-bands utgåve, dvs. utan den tradisjonelle kapittel- og versinndelinga.

Svært mykje kan seiast om 2011-utgåva, og det blir sagt i boka Bibelen 3.0 av Anders Aschim, professor ved Høgskulen i Volda. Eit must for alle som har gitt seg i kast med 2011-Bibelen. For å sitera frå forordet: "Full av detaljar, nærsynte lesingar av bibelvers, drøftingar av enkeltord, grammatikalske og kulturelle observasjonar, samanlikningar av gamle manuskript, jamføringar med andre omsetjingar av eldre og nyare dato, kuriosa og teologiske kontroversar."

Boka er lettlesen, ja nærast underhaldande. Full av overraskingar og aha-opplevingar, og formidlar ikkje minst ein ny innsikt i Bibelen som det sentrale bokverket for vår vestlege kultur - faktisk meir oppegåande enn nokon gong. For meg har boka gitt ei nykveika leseglede i Bibelens storslagne og mangfaldige univers.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Harald AndersenPerSpelemannLars MæhlumTine SundalTanteMamieAnniken RøilTralteKaren RamsvikToveRisRosOgKlagingKjell F TislevollNora FjelliHarald KSynnøve H HoelLeseberta_23Ellen E. MartolEivind  VaksvikRune U. FurbergMarteJarmo LarsenRonnyLailaKirsten LundReadninggirl30Marit HøvdeVannflaskeMonica CarlsenEster SPiippokattaDemeterTor-Arne JensenKarin  JensenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPer LundVibekeKristineBjørg Marit TinholtTine VictoriaInger-LiseSol