Denne boka er rett og slett inspirerande! Den fortel om ulike dyrkeprosjekt i København, Stockholm og Oslo, i tillegg til å kome med nyttig informasjon til dei som vil prøve seg på noko liknande. Her er både store og små prosjekt, og eg føler at boka passar for både dei med litt erfaring og dei som er heilt grønne på området.
Eg sit i alle fall igjen med mange idéar, og vil anbefale denne på det sterkaste dersom du har lyst til å drive med dyrking, enten det er på balkongen, i ein parsellhage eller anna.